Ansök nu

Pedagogisk leiar

  • Företag

    Time kommune

  • Kategori

    Utbildningssektor

  • Adress

    Undheim

  • Kalender Apr 3, 2026

Pedagogisk leiar – Undheim barnehage

Undheim barnehage i Time kommune søkjer pedagogisk leiar i fast stilling frå 01.08.2026. Barnehagen har 4 avdelingar med 62 barn frå hausten av, og eit fagleg sterkt team på 7 pedagogar i tillegg til spesialpedagog og fagarbeidarar.

Barnehagen har eit stort uteområde, tilgang til idrettslagets hall og anlegg, og eit tett samarbeid med skulen på Undheim. Fellessamlingar med fokus på inkludering, meistring, rørsle og felles kor ein gong i månaden pregar kvardagen.

Me ser etter deg som er varm, fagleg engasjert og som ønskjer å skape gode og meiningsfulle kvardagar saman med barna.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiing av det pedagogiske arbeidet og organiseringa på avdelinga
  • Arbeide målretta i tråd med lovverk og barnehagen sitt planverk, i samarbeid med dei andre tilsette
  • Følgje opp og rettleie personalet på avdelinga
  • Arbeide for eit trygt og godt barnehagemiljø for barn, foreldre og tilsette
  • Foreldresamarbeid på avdelinga
  • Delta i barnehagen si leiargruppe

Kvalifikasjonar

  • Godkjend barnehagelærarutdanning. Studentar som fullfører våren 2026 er velkomne til å søkje
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg, jamfør språkkrav etter barnehagelova §27 og §28

Relevante vitnemål og attestar må lastast opp. Utanlandsk utdanning må dokumenterast med godkjenning frå HKdir.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner og positiv bidragsytar i arbeidsfellesskapet
  • Sjølvstendig og initiativrik
  • Løysingsorientert, engasjert og tydeleg i kommunikasjonen
  • Evne til å synleggjere teori i praksis
  • Tydelege leiareigeskapar

Me tilbyr

  • Fast stilling i ein spennande og fagleg utfordrande barnehage
  • Løn etter tariff og gode pensjonsordningar
  • Godt arbeidsmiljø i ein organisasjon i utvikling
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø

Søknadsfrist: 15. april 2026. Politiattest må registrerast før første arbeidsdag.

Anställningsinformation

  • Omfattning: Heltid
  • Varaktighet: Tillsvidare
  • Anställningsform: Fast anställning
  • Antal lediga befattningar: 1

Kvalifikationer

  • Arbetslivserfarenhet: Barnehagelærer, godkjent barnehagelærerutdanning