Ansök nu

Lærar i realfag

  • Företag

    Vestland fylkeskommune

  • Kategori

    Utbildningssektor

  • Adress

    Austrheim

  • Kalender Apr 6, 2026

Lærar i realfag – matematikk, fysikk og biologi

Austrheim vidaregåande skule er ein skule med høg trivselsfaktor og godt skulemiljø, sentralt plassert i Mastrevikane i Austrheim kommune. Skulen har om lag 275 elevar fordelt på yrkesfaglege utdanningsprogram og studiespesialisering, og er kjend for gode relasjonar mellom elevar og tilsette, variert undervisning og eit sterkt fokus på utviklingsarbeid.

Stillinga er 30 % fast og 70 % årsvikariat, med moglegheit for forlenging av vikariatdelen.

Arbeidsoppgåver

Undervisning i følgjande fag:

  • Matematikk
  • Naturfag
  • Biologi
  • Fysikk

Andre oppgåver og funksjonar kan leggjast til stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Formell undervisningskompetanse i matematikk, naturfag, biologi og/eller fysikk
  • Politiattest er påkravd

Personlege eigenskapar

  • Evne til å byggje gode relasjonar til elevane
  • Vilje og evne til å tenkje nytt i undervisninga
  • Gode samarbeidsevner og vilje til lagspel

Vi tilbyr

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Løn etter tariff i kommunal sektor
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Særs godt arbeidsmiljø

Om Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport i fylket, og arbeider aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Alle nye tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Søknadsfrist: 14. april 2026
Kontakt: Frode Hervik, rektor – tlf. 90 56 52 17, eller Kasper Brandt Slettebakken, ass. rektor – tlf. 92 15 15 92

Anställningsinformation

  • Omfattning: Deltid
  • Varaktighet: Tillsvidare
  • Anställningsform: Fast stilling og vikariat
  • Antal lediga befattningar: 1