Lønns- og rekneskapskonsulent
Anställningsinformation
- Omfattning: Heltid
- Varaktighet: Tillsvidare
- Anställningsform: Fast ansettelse
- Antal lediga befattningar: 1
Bjørnafjorden kommune søkjer ein lønns- og rekneskapskonsulent til stabstenestene ved rådhuset i Os. Avdelinga har systemansvar for Visma Enterprise Plus HRM og Visma Enterprise Plus Økonomi, og samarbeidar tett med leiarar i heile organisasjonen for å sikre rett lønn til rett tid til om lag 2 000 tilsette. Rekneskapsavdelinga fører rekneskapen for kommunen og to KF med eit samla driftsbudsjett på ca. 2,8 mrd. kr. Delvis heimekontor er mogleg.
Arbeidsoppgåver
- Lønnsarbeid frå A til Å, inkludert rapportering, kontroll og avstemming
- Pensjon
- Oppfølging og behandling av sjuke- og fødselspengar frå NAV
- Rekneskapsarbeid: bokføring, fakturabehandling, avstemmingar, kundeoppfølging, moms og årsavslutning
- Utvikling og vedlikehald av system og rutinar
- Opplæring og leiarstøtte
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på bachelornivå innanfor økonomi, rekneskap, administrasjon eller leiing, eller autorisert rekneskapsførar
- Erfaring frå lønnsarbeid og kjennskap til lønnssystem er ein fordel, fortrinnsvis Visma Enterprise
- God kjennskap til lov- og avtaleverk innan fagområdet
- God digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av HK-dir.
Eigenskapar
- Systematisk, strukturert og løysingsorientert
- Gode samarbeidsevner og trives i ein travel kvardag
- Analytisk og sjølvgåande med fokus på å levere rettidige tenester
- Interesse for nye system og teknologi
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar