Dagleg leiar
Anställningsinformation
- Omfattning: Heltid
- Varaktighet: Tillsvidare
- Anställningsform: Tillsvidareanställning
Kvalifikationer
- Arbetslivserfarenhet: Leiarerfaring med personalansvar, høgare relevant utdanning
Om stillinga
Kvam Energi AS søkjer ein dagleg leiar til eit lokalt energikonsern med hovudkontor i Norheimsund, eigd av Kvam herad. Konsernet omfattar morselskapet Kvam Energi AS og dei heileigde dotterselskapa Haringnett og Kvam Kraftverk AS, med verksemd innan fornybar vasskraft, straumnett, kraftomsetning og fibernett. Selskapet har om lag 30 tilsette. Arbeidsstad er Norheimsund i Kvam, og det er ønskjeleg at dagleg leiar er til stades i regionen og har tilknyting til lokalsamfunnet.
Ansvarsområde
- Setje retning og sikre god gjennomføring i heile organisasjonen
- Vere ein synleg og tilgjengeleg leiar i kvardagen
- Vidareutvikle struktur, system og arbeidsprosessar
- Styrke informasjonsflyt og samhandling mellom selskapa
- Sikre tydeleg leiing og oppfølging av mellomleiarar
- Ha eit særleg fokus på HMS, internkontroll og beredskap
- Vere ein aktiv del av beredskapsleiinga
- Samarbeide tett med styret og bidra til strategisk utvikling
Kvalifikasjonar
- Høgare relevant utdanning
- Dokumentert leiarerfaring med personalansvar
- Gjennomføringsevne og evne til å skape resultat gjennom andre
- Erfaring med organisasjonsutvikling og etablering av struktur og system
- God forståing for økonomistyring
- Relevant fagleg bakgrunn som gir forståing for drift og tekniske problemstillingar
- Erfaring med vedlikehaldsstyring og kjennskap til FDV og korrektivt vedlikehald
- Interesse for og erfaring med teknologi og KI
- Kjennskap til energibransjen eller annan regulert verksemd er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Tydeleg og trygg leiar som set retning og prioriterer
- Trivst med å vere tett på drift og organisasjon
- Byggjer tillit og gode relasjonar på tvers av organisasjonen
- Arbeider moderne, strukturert og systematisk
Vi tilbyr
- Ein variert og meiningsfull leiarrolle i eit selskap med stor tyding for lokalsamfunnet
- Tett samarbeid med dyktige fagmiljø og engasjerte medarbeidarar
- Høve til å påverke utviklinga av selskapet i ein bransje i endring
Søknadsfrist: 19. april 2026
Kontaktpersonar (Bønes Virik Executive Search AS):
- Arild Mjøs Andersen, tlf. 916 06 509
- Anne S. Posner, tlf. 906 91 846