Kjøkkenassistent
Anställningsinformation
- Omfattning: Heltid
- Varaktighet: Tillsvidare
- Anställningsform: Fast ansettelse
- Antal lediga befattningar: 1
Produksjonskjøkkenet ved Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) i Eikelandsosen søkjer ein kjøkkenassistent i 100 % fast stilling. Kjøkkenet produserer mat til bebuarar, dagsenter og heimebuande etter kok/kjøl-metoden, og er samlokalisert med bu- og behandlingssenteret sentralt i Bjørnafjorden kommune.
Arbeidsoppgåver
- Assistere i produksjon av måltid etter kok/kjøl-metoden
- Pakking, merking og klargjering av mat til institusjonar, dagsenter og heimebuande
- Oppvask, rydding og reingjering etter gjeldande rutinar
- Følgje IK-mat/HACCP-reglar
- Bidra i forbetringsarbeid og vidareutvikling av tenesta
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå kjøkkenarbeid er ønskjeleg
- Gode rutinar for hygiene og reinslighet
- God fysikk og evne til å arbeide i eit kjøkkenmiljø med høgt tempo
- Gode norskkunnskapar er ønskjeleg
- Kurs eller kompetanse innan mattryggleik og hygiene er ein fordel, men ikkje eit krav
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av HK-dir.
Personlege eigenskapar
- Ryddig, nøyaktig og strukturert
- Trivst med å jobbe i team og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- Evne til å arbeide sjølvstendig ved behov
- Omstillingsdyktig og løysingsorientert
- Motivert for å lære og utvikle seg i jobben
Vi tilbyr
- Godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Varierte og meningsfulle arbeidsoppgåver
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Løn etter gjeldande avtalar